Viking WWC 2025 Special Edition

1399,00 kr

Viking WWC 2025 er ein spesialversjon av Viking-kniven, eksklusivt designa for verdsmeisterskapet i vektløfting i 2025. Denne kniven er utvikla saman med den svenske vektskiveprodusenten Eleiko, og kombinerer eit 1000 år gamalt design med gummimaterialet som Eleiko bruker på skivene sine og ekte handverk fra Helle. Kun 500 eksemplar er produsert – inkludert knivane som blir tildelt alle medaljevinnarane i VM i Førde i 2025.

Om originalversjonen av Viking

Viking er ein ekte replika av ein Viking-kniv funne ikkje så langt frå der knivfabrikken ligg i dag. Det som fungerte den gang då fungerer også i dag – om ein lagar det skikkeleg.

Handtaket er tønneforma og laga i eit heilt stykke masurbjørk. Som knivar frå vikingtida har den ikkje noko fingerstoppar sidan kniven primært vart nytta til finare arbeid. Bladet er lengre enn hjå lillebroren Saga Siglar, og Viking er difor i enno større grad ein fleirbrukskniv som kan nyttast til det meste ein treng ein kniv til den dag i dag.

Finishen på knivbladet kjem frå at vi lar vere å slipe vekk det naturlege glødeskalet som utviklar seg etter herding og oljebad. Bladet er karbonstål og vil difor ruste om det blir utsatt for fuktigheit og ikkje olja regelmessig.

Kniven blir levert med ei slire i brunt vegetabilsk lær og oppheng for belte.

På lager

Produktnr: 208096 Kategori:
Cookies settings
VÅPENLOFTET AS cookies-innstillinger
×